Vårt tips: 2. plass

Blindheim


Plassering 2005:

Nr. 11 i 4. divisjon

Heime 2005:

5-0-6 27-37

Borte 2005:

0-2-9 16-37

Toppskårar 2005:

Terje Ottersen og Kristoffer Morterud 9 mål kvar

Spelartilgang:

Berre frå eigen stall

Spelaravgang:

Lars Andreas Vegsund (Emblem)

Beste serieprestasjon:

3. plass i gamle 4. divisjon i 1980


Siste 5 år:

2001

5. divisjon

8. plass

2002

5. divisjon

6. plass

2003

5. divisjon

1. plass

2004

4. divisjon

1. plass

2005

3. divisjon

11. plass


Treningskampar:

Bergsøy

2-1

Stranda

3-1

Rollon

1-0

Valder

4-2

Hareid

0-5

Lom

3-1

Måndalen

4-1

Norborg

3-2

Midsund

2-1


Vi stilte Blindheim sin lagleiar Arve Ottersen nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til B/E komande sesong?
Vår målsetting for sesongen er opprykk til 3 divisjon.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Vinterens treningsoppmøte har vært meget bra, og det ser vi oså i treningskampene

3. Fornøgd med treningskampane?
Treningskampene har gått bra og vi har vært opptat av at alle spillerne i stallen skal få mest mulig spilletid.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?

I Blindheim er vi ikke opptatt av å hente spillere, men å gi ungdommer fra vårt nærmiljø et godt sportslig tilbud. Kun juniorer fra egene rekke er nye i A-stallen

5. Avgang? (sentrale spelarar som vart med Emblem?)
Selvfølgelig gikk endel spillere til Emblem, men kun en fra fjorårets førsteoppstilling, og han har valgt å trappe litt ned og dette er Lars Andreas Vegsund

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Blindheim rykker opp og får følge av enten Stranda, Godøy, Brattvåg eller Norborg.

7. Vi tipper Blindheim på ein 2. plass. Kva er din kommentar til dette?
Mitt problem er at jeg da har problemer med å se hvem som skal bli nr. 1.

8. Noko anna du vil seie til norborg.com sine lesarar?
Blindheim I.L. går mot en spennende sesong både sportslig og på anleggsiden. Kunstgress på vår gamle grusbane vil ligge klart i midten av juni dette året. I tillegg vil vi i nærmeste ukene åpne en ny grus 11 bane øst for dagens anlegg og i løpet av et par månder vil der også ligge en separat bane for 7er fotball.

Vi takker Arve Ottersen for svar og ønsker Blindheim lykke til med sesongen.


Om Blindheim

Etter 7 sesongar med samarbeid med nabo Emblem, står Blindheim endeleg på eigne bein igjen. Sportsleg vart etterkvart samarbeidet med Emblem ein suksess der laget gjekk frå 5. til 3. divisjon, men trass gode resultat var ikkje samarbeidet lenger haldbart.

Går vi lenger tilbake i tid finn vi ut at Blindheim har brukbare resultat å vise til. Laget hadde gode resultat i 3 divisjon (etter dagens ordning) på 1980-talet med 3. plass i 1980 som det beste. I 1989 måtte laget ta turen ned i 4. divisjon og fekk etterkvart svake resultat utover 90-talet.

Defensivt:

Med omskolerte Terje Ottersen i spissen har Blindheim eit godt forsvar. Har imidlertid visse problem på dødballar i mot. Elles eit disiplinert og godt organisert lag.

Offensivt:

Laget lider ikkje akkurat av målskrekk. Trass nedrykk, scora laget bra med mål i fjorårets. Har dyktige Kristoffer Morterud og Henning Hareide på topp, medan Jan Erik Hellevik styrer midtbana. Er lynraske i kontringane og har eit ekstra gir som få lag i 4. divisjon vil følge.

Stallen:

Stallen til Blindheim vil naturleg nok vere litt svakare i år enn når det var samarbeidslag med Emblem. Men Rune Johan Skodje Olsen har nok spelarar å ta av.

Interesse:

Når Blindheim gjer det godt er det bra med folk på kampane. Klubben er elles i positiv utvikling og får moderne kunstgras til sommaren. Tru på seg sjølv har iallfall Blindheim.

Plassering: 2. plass
Vi trur Blindheim tek heisa opp igjen på første forsøk. Laget har mange dyktige spelarar og når desse sette opp tempoet vil mange lag få trøbbel. På sitt beste spelar laget flott kontringsfotball med høgt tempo. Vi har imidlertid sett at laget har problem på dødballar i mot.

Nøkkelspelarar: Terje Ottersen, Kristoffer Morterud og Henning Hareide

Vårt Blindheim-minne: Kampane mellom Norborg og Blindheim i 2004 sesongen set framleis sterkt i minnene våre. Desse to kampane var nok dei beste 4. divisjonskampane dette året. To målrike og spennande kampar mellom overraskinga Blindheim og den antatte opprykksfavoritten Norborg. Smått imponerande 19 mål vart det scora på desse 2 kampane. Norborg leia begge kampane, men Blindheim tok alle poenga.

Odds hos NordicBet:
2.85