|
Om
Åram/Vanylvskameratane
Dei to fotballklubbane Åram og Vanylvskameratane slo seg i 1997
saman til ein klubb. Åram var den mest suksessrike av desse to
klubbane. Klubben opplevde ein gedigen framgang på byrjinga av
1990-talet då dei tok strake vegen frå 5. til 3. divisjon
(etter dagens serieordning), og gjorde det godt i 3. divisjon fram til
1996 då det vart nedrykk. I 1997 starta samarbeidet med Van.kam
og det vart raskt opprykk til 3. divisjon. I sesongen 2000 oppnådde
det nye laget si beste plassering med ein 4. plass i 3. divisjon. Sidan
den gong har pila peika feil veg, med nedrykk til 4. divisjon i 2001
og berre målforskjellen frå nedrykk til femte i fjor.
Defensivt:
Ingen kan klandre ÅVK for å spele defensiv fotball. Måla
renn som regel inn sesong etter sesong, og det er då sjølvsagt
her laget har størst forbetringspotensiale. Også i vinterens
treningskampar har det det blitt mange mål i mot. Ole Theodor
Hovden spelte som oftast midtstoppar i fjor, no er han borte. Spørsmålet
er om han har blitt erstatta?
Offensivt:
ÅVK sleit i fjor med å finne fram den småfine og tekniske
fotballen laget spelte for eit par år sidan. Må fortsatt
lite på ein Ole Per Kragset som ikkje blir yngre med åra.
Han greidde i fjor berre så vidt å passere 10 mål,
men ryktas å vere bedre trent og motivert denne sesongen, enn
kva tilfellet har vore dei siste åra. Laget har hatt eit bra snitt
på treningskampane sine.
Stallen:
Sidan dette laget så og seie dekkar heile Vanylven kommune (har
2. lag saman med Åheim), så skulle grunnlaget for ein stor
stall vere god. Men, Vanylven er ein utkant, og mange av dei unge må
til Ålesund eller lenger vekk for å få utdanning/jobb.
Dette skapar sjølvsagt ustabile forhold. Har fått inn fire
spelarar frå Hødd framføre denne sesongen. Dei kjende
av desse er Trond-Helge Takset. Han var ein lovande keeper for eit par
år sidan, men satsar no som spiss. Den andre er Martin Eikremseter
som spelte mykje for Hødd2 i fjor.
Interesse:
Fekk seg ny nettside i vinter, noko som ser ut til å ha auka interessa
litt. Men kvar gong Norborg har spelt kamp på Eidsåvoll
har halvparten vore farga i oransje... Sist gong var det attpåtil
konsert med Vassendgutane midt under kampen. Horribelt og synd at noko
slikt kan skje, for ÅVK fortener meir folk på kampane sine.
Slik som Åram hadde for ti år sidan.
Vårt tips: 7. plass
Vi tippa i fjor ÅVK høgt oppe på tabellen, men då
skuffa laget stort og var like ved å rykke ned. Optimismen i laget
denne vinteren ser ut til å bra, men vi ser ikkje heilt at ÅVK
skal klare å kome på øvre halvdel. Laget har mista
Ole Theodor Hovden og nokre av spelarane kjem berre heim for å
spele kampar. Dette er ikkje optimalt, og med det jamnt høge
nivået som har blitt i 4. divisjon, trur vi laget skal vere godt
nøgd om dei klare ein 7. plass.
Nøkkelspelarar: Ole Per Kragset og Øyvind Myklebust
Vårt ÅVK-minne: ÅVK-Norborg, 28. mai 2005. I ein
jamn kamp har heimelaget fått eit billeg straffespark like før
slutt. Kurt Erik Grytten har sett Champions League finalen nokre dagar
før, og tek ein Dudek på streken. ÅVK sin straffeskyttar,
blir som Milan sine, forfjamsa å sette ballen utafor stengrene.
På overtid dukka like godt Eirik York opp å ga Norborg alle
poenga og ein særs fin tur heim igjen.
Odds hos NordicBet:
35.00

Ole Per Kragset vil også i år lade skotfoten. Slik som her
mot Norborg hausten 2003.
|