Vårt tips: 9. plass

Vigra


Plassering 2004:

Nr. 6 i 4. divisjon

Heime 2004:

6-1-3 23-17

Borte 2004:

4-2-4 15-18

Toppskårar 2004:

Idar Molnes 13 mål

Spelartilgang:

Ole-Richard Blindheim (Valder), Robin Rørseth, Eirik Grønmo jr, Kim Teigen og Marcus Mergrund (alle frå egen stall).

Spelaravgang:

Roar Rørvik, Oddgeir Rørvik og Stig Rune Sætre (alle Valder). Stian Blindheim tar 1 års fotballpause.

Beste serieprestasjon:

2. plass i 3. divisjon (1985) (etter dagens system)


Siste 5 år:

2000

3. divisjon

_7. plass

2001

3. divisjon

_7. plass

2002

3. divisjon

11. plass

2003

4. divisjon

_3. plass

2004

4. divisjon

_6. plass


Treningskampar:

Godøy

1-1

Brattvåg

0-2

Giske

3-3

Vestnes V.

1-3

Ellingsøy

1-2

Giske

1-2

Herd

3-3

Skodje

7-4

Rollon

-


Vi har stilt Vigra IL sin spelar og sekretær nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Vigra komande sesong?
-Vigra sin målsetning når det kommer til tabellplassering er en plass blant dei 6 beste. Vi har også en målsetning om og skape større entusiasme rundt klubben og øke rekrutteringen til klubben.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
- Oppmøtet har til tider vært dårlig i vinter. Men det har i det siste blitt bedre og kvaliteten på treningene blir bedre og bedre.

3. Fornøgd med treningskampane?

Nei. Vi har spilt noen veldig dårlige kamper. Vi kan sikkert finne mange unnskyldninger for dette men vi ser heller fremover enn bakover. Kampene mot Herd og Skodje viser ihvertfall at vi er på vei.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Ole-Richard Blindheim 20 år spiss frå Valder, Robin Rørseth 16 årig keeper som er tatt opp fra juniorstall, Eirik Grønmo jr 17 år venstre midtbane\forsvar, tatt opp fra juniorstall, Kim Teigen 16 år forsvar, tatt opp fra juniorstall, Marcus Mergrund 16 år midtbane tatt opp fra juniorstall. Mange nye spennende talent.

5. Avgang: Roar Rørvik, Oddgeir Rørvik og Stig Rune Sætre til Valder. Stian Blindheim tar 1 års fotballpause.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
HaNo, Brattvåg, Herd og Godøy har alle gode lag som kan klare og rykke opp.

7. Vi tipper Vigra på ein 9. plass. Kva er din kommentar til dette?
Det er vel en like objektiv og god vurdering som å tippe Aafk på 14. plass i eliteserien

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Ønsker alle spillere og tilhengere av Norborg lykke til i sesongen som kommer. Norborg.com er en stor bidragsyter til sunnmørsfotballen og det håper Vigra at dere fortsetter med. Lykke til!!

Vi takker spelar og sekretær i Vigra IL Christer R. Austad, for at han tok kontakt med norborg.com og svarte på våre spørsmål.


Om Vigra

Vigra er truleg det laget som har kjørt heis mellom 3. og 4. divisjon (vi brukar dagens system) på Sunnmøre flest gongar. Sidan 1968 har det blitt 7 opprykk og 7 nedrykk. Vigra sine beste plasseringar er ein 3. plass i 3. divisjon i 1971 og ein 2. plass i 3. div. i 1985. Begge gongane enda det med nedrykk sesongen etter.

Etter tre år i 3. divisjon var Vigra framfor 2003 tilbake i 4. divisjon. Laget kjempa både i 2003 og 2004 lenge om opprykk, og i fjor leia dei serie frå runde 3 til og med runde 9. Diverre for Vigra fekk ein formsvikt når det gjaldt som mest og ein måtte ta til takke med ein 6. plass. Har i til i år fått nytt trenarteam i Birger Skårsmoen og Idar Molnes.

Defensivt:
Vigra er med sitt rutinerte forsvar eit av 4. divisjon sine gjerrigste lag, og fekk i fjor eit stempel på seg for å vere defensive. I årets treningskampar har det derimot blitt litt meir baklengs enn normalt. Begynne vigringane å bli litt for gamle?

Offensivt:
Vigra trivst best med å ligge i forsvar å vente på at motstandaren skal gjere feil. Er eit brukbart kontringslag, men scorar alt i alt for få mål. Det har ein også gjort i årets treningskampar. Sjå imidlertid opp for susande langskot.

Stallen:
Vigra har ein tynn spelarstall og tåler ikkje mange skader.

Plassering: 9. plass
Vigra har dei siste åra hatt ei pil som peikar i feil retning. Treningskampane viser også at laget ikkje blir å rekne med i toppen dette året. Sjølv om ein stort sett har tapt for sine divisjonskollegaer så trur vi laget held plassen i divisjonen og sikrar ein 9. plass mykje grunna eit rutinert forsvar.