Vårt tips: 7. plass

Sunnylven


Plassering 2004:

Nr. 4 i 4. divisjon

Heime 2004:

9-0-1 42-16

Borte 2004:

4-0-6 20-27

Toppskårar 2004:

Alf Ole Sundgot (20 mål)

Spelartilgang:

Jan Ove Aslaksen (Stryn), Håkon Mikal Dalen og Petter Arne Overå (begge Stranda).

Spelaravgang:

Jåre Andre Bjørnes og Tonny Åsen (begge pause), Stian Melchior og Eivind Helset (skule/studier)

Beste plassering:

12. plass i 3. divisjon (2000)


Siste 5 år:

2000

3. divisjon

12. plass

2001

-

_-

2002

6. divisjon

_1. plass

2003

5. divisjon

_2. plass

2004

4. divisjon

_4. plass


Treningskampar:

Stordal

3-3

Hornindal

5-1

Hovdebygda

7. april


Vi har stilt Sunnylven sin sportslege leiar Steinar Hjelle nokre spørsmål:

1. Kva er målsettinga til Sunnylven komande sesong?

Målet er som i fjor, unngå å sjå seg for mykje bakover på tabellen. Vi vil vinne kvar kamp.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Kunne vore betre, men slik er det vel over alt. Vanskelig for mange å vere med på alt, men vi er forberedt.

3. Fornøgd med treningskampane?
Resultata er ikkje det viktigaste i treningskampar, og trenarane har fått svar på mykje til poenga skal delast ut.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Jan Ove Aslaksen (Stryn), Håkon Mikal Dalen og Petter Arne Overå (begge Stranda).

5. Avgang: Kåre Andre Bjørnes og Tonny Åsen (begge pause), Stian Melchior og Eivind Helset (skule/studier).

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Det blir dei to laga som er mest stabile, og kaprer flest poeng. Nedrykkslaga fra 3.divisjon vil nok vere i toppen i år.

7. Vi tipper Sunnylven på ein 7. plass. Kva er din kommentar til dette?
Fasiten kjenner ingen, det er lenge til oktober. Cup er cup, stafett er stafett og tipping er tipping.....

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Håper alle lag er klare til poengjakta, og vil be alle sjekke ut dei mange gode heimesidene til klubbane i 4.divisjon.

Vi takkar Steinar Hjelle for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla og ønsker Sunnylven lykke til med sesongen.


Om Sunnylven

Sunnylven tok i fjor 4. divisjon med storm og låg lenge på ein opprykksplass, men eit tap i nest siste serierunde førte til at nabo Stranda snappa opprykket.

Sunnylven kom inn i seriesystemet i 1980 og gjorde seg då umiddelbart bemerka ved å bli krinsmeistrar i 7. divisjon. I dei ti første åra spelte laget i dei to lågaste divisjonane på Sunnmøre, men når 90-talet kom starta klubben å røre på seg. Laget tok sin andre krinsmeistertittel i 1991 (6. divisjon) og i 1994 vart det på nytt opprykk. Sunnylven gjorde ein bra førstesesong i 4. divisjon med ein 7. plass, men året etter måtte klubben ta turen ned til 5. div. I 1998 starta så den verkelege oppturen for raudtrøyene med to opprykk på rappen. Laget var då for første gong i historia i 3. divisjon. Gleda var likevel kortvarig. Klubben kom desidert sist og måtte trekke laget frå divisjonsfotballen før sesongen 2001. I 2002 var Sunnylven igjen på plass og krona tilbakekomsten med krinsmeisterskapstittel i 6. divisjon, og opprykk til 4. divisjon påfølgjande sesong.

Defensivt:
Sunnylven slapp inn forholdsvis mange mål i fjor, spesielt på bortebane. God fysikk, men lite fart.

Offensivt:
Scora mange mål i fjor, men har sidan då mista viktige Tonny Åsen (16 mål ifjor). Har likevel greidd å behaldt Alf Ole Sundgot og med hans fart og spenst, samt livsfarlege innkast og hjørnespark, vil det nok bli ein del mål i år også, men alt i alt er ein svekka frå i fjor.

Stallen:
Tre mann inn og fire mann ut frå i fjor. Forhaldsvis tynn stall.

Vårt tips: 7. plass
Sunnylven var i fjor nær ved å gå strake vegen frå 6. til 3. divisjon, men eit knepent tap for Ellingsøy i nest siste runde stoppa dette. I år blir det den vanskelege 2. sesongen for hellesyltingane. Dei fleste laga i divisjonen veit kva som ventar og vil justere seg etter Sunnylven sin "kick and run" fotball. Vi trur laget vil gjere ein litt svakare sesong enn i fjor. Først og fremst fordi laget har mista den rutinerte spissen Tonny Åsen. Dette vil nok føre til bortiimot 20% færre mål enn i fjor, og saman med eit ikkje så altfor stødig forsvar så blir det ikkje opprykksstrid i år. Men takka vere mykje rutine, fysikk, gode dødballar og ein viss Sundgot, vil laget styre unna den verste nedrykksstriden.

Nøkkelspelar: Alf Ole Sundgot