Vårt tips: 12. plass

Skarbøvik 2. lag


Plassering 2004:

Nr. 9 i 4. divisjon

Heime 2004:

5-1-4 36-28

Borte 2004:

1-1-8 21-27

Toppskårar 2004:

Vegard Opsahl 10 mål

Spelartilgang:

?

Spelaravgang:

Alf Årdal (Rollon)

Beste serieplassering:

3. plass i 4. divisjon (2002)


Siste 5 år:

2000

6. divisjon Avd. 1

1. plass

2001

5. divisjon

1. plass

2002

4. divisjon

3. plass

2003

4. divisjon

4. plass

2004

4. divisjon

9. plass


Treningskampar:

Rollon

2-1


Om Skarbøvik 2. lag
Skarbøvik2 gjorde sitt inntog i Sunnmørsfotballen sesongen 1997, då som samarbeidslag med Hessa i 5. divisjon. Etter at Hessa måtte legge ned senioravdelinga si framfor 1998 sesongen, fortsette Skarbøvik2 å spele i 5. divisjon. Etter to brukbare sesongar valde Skarbøvik å trekke 2. laget sitt ifrå serien, fordi dei mangla spelarar. Men i januar gjorde dei kuvending, og ville inn igjen i serien. Men plassen sin i 5. divisjon fekk dei ikkje igjen. Den gjekk til Sæbø.

Skarbøvik2 vart då plassert i 6. divisjon. Ein divisjon dei ikkje høyrde heime i. 18 strake sigrar stod laget med ved sesongslutt. Sesongen etter, i 5. divisjon, var det nesten samme visa. Ved sesongslutt stod laget med berre 2 tap, og tok 1. plassen. Til og med i 4. divisjon beit dei godt frå seg og tok 3. plassen. Fire poeng bak opprykk! Pila har sidan det peikt nedover i takt med 1. laget sine problem og var i fjor farleg nær botnen.

Defensivt:
Slapp inn mange mål i fjor. Mykje ungt ved sida av Hany Suleiman. Lagets svakaste del.

Offensivt:
Mykje mål har det alltid blitt når SIF2 spelar kamp, men ein del av fjorårets støttespelarar offensivt har forlatt klubben eller blir fast inventar på 1. laget. Vi trur difor at det blir den svakaste sesongen offensivt sidan 1998.

Vårt tips: 12. plass
Skarbøvik sitt 1. lag er svakare enn i fjor, og dette tur vi vil påverke 2. laget såpass at dei blir å finne i botnen av tabellen. Kanskje ikkje frå start av, men når hausten og slitasjen på stallen blir stadig større vil SIF2 falle som ein stein.