Vårt tips: 6. plass

Hødd 2. lag


Plassering 2004:

Nr. 12 i 3. divisjon

Heime 2004:

3-3-6 14-20

Borte 2004:

0-2-10 13-38

Toppskårar 2004:

?

Beste serieprestasjon:

3. plass i 3. divisjon (1995)


Siste 5 år:

2000

3. divisjon

11. plass

2001

4. divisjon

3. plass

2002

4. divisjon

1. plass

2003

3. divisjon

6. plass

2004

3. divisjon

12. plass


Treningskampar:

Gursken/Larsen

0-0

ÅVK

3-2

Skavøypoll

2-0


Vi stilte Hødd2 sin trenar Einar Magne Skeide nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Hødd2 komande sesong?
Opprykk

2. Korleis er spelarsamansetninga på Hødd2?
Minimum 7-8 juniorar startar kvar kamp. I tillegg 3-4 i frå a-stallen. Noko mindre a-spelarar viss skader i a-stallen.

3. Fornøgd med treningskampane?
Ja, har ikkje tapt og vunne mot alle 3.div laga vi har spelt mot med tilnærma reint juniorlag.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor (spelarar som først og fremst vil figurere på 2. laget)?

Teke opp 3-4 nye juniorar i jr-elite gruppa. Alle jr. som var med i 3. div. i fjor held fortsatt alderen.

5. Avgang: - to første års seniorar som ikkje spelte fast i fjor.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?

Hødd2 og Brattvåg, Herd, Godøy eller HaNo.

7. Vi tipper Hødd2 på ein 6. plass. Kva er din kommentar til dette?
Vi trur på topp 2-plassering. Bedre lag i år (eldre) enn i fjor.

Vi takkar Einar Magne Skeide for svar og ønsker Hødd2 lykke til med sesongen.


Om Hødd2

I 1990, som den første klubben på Sunnmøre, deltok Hødd i 5. divisjon med 2. laget sitt, men det heile enda den gong med at klubben fekk ein stygg sprekk i fasaden då laget vart kasta ut av divisjonen. Fem serierunder før slutt gjekk Sunnmøre Fotballkrets nemleg til det drastiske skritt å kaste Hødd 2 ut av 5. divisjon. Dei aller fleste klubbane i 5. divisjon var enige i at Hødds vilkårlege og merkelege lagoppstillingar burde medføre strykkarakter. Men etter at den justerte tabellen i 5. divisjon vart klar, var det fleire klubbar som meinte at dette var eit vel drastisk tiltak. Stordal mista for eksempel ein 9-1 siger med eit pennestrøk, og plutseleg vart ikkje Ørskog sitt opprykk så sikkert likevel. Det heile endte med at Hødd2 spelte sine gjenståande kampar, og at klubbane fekk behalde poenga dei tok mot dette laget. Hødd2 var derimot ikkje å finne i seriesystemet i 1991.

I 1995 var Hødd å finne i Tippeligaen, og prøvde seg difor på nytt med eit 2. lag. Denne gong i 3. divisjon. Dette gjekk mykje betre enn 5 år tidlegare, og Hødd2 låg lenge å kjempa om opprykk saman med Brattvåg og VRF. Ein tøff haust førte til at laget vart hekta av dei to topplaga, men ein sikra likevel ein godkjent 3. plass. Hødd2 opplevde på 2. halvdel av 1990-talet fleire sterke plasseringar i 3. divisjon, men etter tusenårsskiftet har resultata variert og som i 2001 og 2002 er laget no å finne i 4. divisjon.

Defensivt:
Slapp inn bra med mål i fjor, men dei unge spelarane har blitt eit år eldre og vil vere betre fysisk rusta, samtidig som ein spelar i ein lågare divisjon vil nok det gå langt betre enn i fjor.

Offensivt:
Putta ca. 1 mål i snitt pr kamp i fjor. Dette blir nok litt høgare i år. Har eit bra teknisk mannskap, men er nok avhengig av at seniorspelarar blir med for at det skal bli målrikt.

Stallen:
Hødd si seniorgruppe har ein tynnare stall enn på mange år, og 2. laget vil difor bestå av stort sett juniorar. Skulle ein oppleve mykje skader vil nok Hødd2 få problem.

Plassering: 6. plass
Å tippe Hødd2 heilt nede på 6. plass vil nok mange meine er eit vågalt tips, men vi trur Hødd2 kjem til å variere kraftig i resultata. 1. laget er svekka og 4. divisjon er tøffare enn mange trur. Det vil nok Hødd sine juniorar få oppleve.