Vårt tips: 4. plass

Herd


Plassering 2004:

Nr. 2 i 5. divisjon

Heime 2004:

9-1-2 42-18

Borte 2004:

7-1-4 27-22

Toppskårar 2004:

?

Spelartilgang:

Lennart Clausen, Stian Seth og Hans Peter Sperre (alle frå Ellingsøy)

Spelaravgang:

?

Beste serieprestasjon:

6. plass i 1. divisjon Distrikt VII (Nivå 2 i Noreg)


Siste 5 år:

2000

4. divisjon

10. plass

2001

5. divisjon

_5. plass

2002

5. divisjon

_4. plass

2003

5. divisjon

_4. plass

2004

5. divisjon

_2. plass


Treningskampar:

Stordal

4-2

Rollon

4-2

FK Sykkylven

1-1

Langevåg

1-1

Ellingsøy

0-1

Valder

5-1

MSIL

6-2

Vestnes Varfjell

4-2

Vigra

3-3


Herd fann det diverre ikkje verdt å svare på spørsmåla vi sendte.


Om Herd

Herd er ein tradisjonsrik klubb på Sunnmøre som kom tidleg med i seriespelet. Alt i 1948 vann dei 2. divisjon avd. Møre og rykte opp i 1. divisjon distrikt 7. Dette var ei rein Møre og Romsdals avdeling på nivå 2 i Noreg. Herd viste seg her som eit nummer for små og endte på sisteplass med 1 siger og 1 uavgjort på 10 kampar. Likevel, det er ikkje mange lag som kan skryte av ein 6. plass i 1. divisjon...

Herd var blant fylkets beste lag fram til lant utpå 1970-talet og tok blant anna 1. plassen i 3. divisjon avd Møre både i 1965, 1966 og 1968. Blåtrøyene slo då lag som Molde og AaFK, men trass 1. plassen greidde ein ikkje å vinne kvalifiseringskampane om spel i 2. divisjon.

På 1980-talet kom nedturen og laget har sidan variert mellom det vi no kallar 3., 4. og 5. divisjon. I 1999 måtte ein til og med slå seg saman med Spjelkavik sitt 2. lag, noko som ikkje ga noko suksess. I 2003 var Herd tilbake på eigne bein og i 2004 greidde ein å rykke opp i frå 5. divisjon. Laget blir rekna for å vere dyktige på talentutvikling og skal ha gode forutsetningar for å bli den beste klubben i indre Ålesund dersom ein får behalde spelarane sine.

Defensivt:
Herd slapp inn ganske mange mål i fjorårets 5. divisjon, men har i årets treningskampar haldt eit bra nivå bakover mot lag som Langevåg og FK Sykkylven. Vi trur likevel at den defensive stabiliteten er Herd sitt svake punkt.

Offensivt:
Scorte mange mål i fjorårets 5. divisjon og har putta bra i treningskampane også. Vil nok oppleve mykje nettsus heime på kunstgraset, men kan få større problem på humpete grasbaner.

Stallen:
Mykje ungt og lovande skal dra lasset for Herd, men har også fått fosterkningar som rutinerte Lennart Clausen frå Ellingsøy.

Vårt tips: 4. plass
Herd blir å finne i toppen av 4. divisjon, men vi trur ikkje laget er stabilt nok til å rykke opp. Laget har kunstgrasbane, noko som ga klare fordelar inntil eit par år tilbake, men spørsmålet er om ikkje dei fleste laga i divisjonen no er så vande med å spele på slike baner at det berre blir ein bakdel når laget skal ut i bortekampar på gras og grus? Herd hadde problem med å ta poeng på bortebane mot dei andre topplaga i 5. divisjon i fjor, men kludra det ikkje til mot dei antatt svakare laga og kneip 2. plassen på det.