Vårt tips: 1. plass

Haramsøy/Nordøy FK


Plassering 2004:

Nr. 3 i 4. divisjon

Heime 2004:

6-2-2 24-8

Borte 2004:

6-1-3 29-18

Toppskårar 2004:

Per Jarle Fjørtoft 13 mål

Spelartilgang:

Odd Einar Molnes (Harøy), Erik Åkre (Volda)

Spelaravgang:

Ivar Fjørtoft (lagt opp)

Beste serieprestasjon:

6. plass i 3. divisjon (2000 og 2002)


Siste 5 år:

2000

3. divisjon

_6. plass

2001

3. divisjon

11. plass

2002

3. divisjon

_6. plass

2003

3. divisjon

10. plass

2004

4. divisjon

_3. plass


Treningskampar:

Valder

2-1

Eide

2-2

Voss

0-3

Godøy

1-3

Ellingsøy

2-1

Godøy

0-0

Ellingsøy

5-0

Bud

-


Vi stilte HaNo-trenar Bjørn Nedreskodje nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til HaNo komande sesong?
Opprykk til 3. divisjon

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Ut frå føresetnadane med nesten alle spelarane som bur utanfor øya - godt nøgd med 15-20 på dei fleste treningane.

3. Fornøgd med treningskampane?
Spelt kun 3 kampar til no (pr. 29.03), alle mot 3. div. motstanderar. Nyttige erfaringar frå alle kampane som vi skal lære av fram mot seriestart.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Odd Einar Molnes (Harøy), Erik Åkre (Volda)

5. Avgang: Ivar Fjørtoft (lagt opp)

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Trur det vil stå mellom Godøy, Hano, Brattvåg og Norborg

7. Vi tipper HaNo på ein 1. plass. Kva er din kommentar til dette?
Absolutt mogleg, men i likheit med dei andre laga i divisjonen er vi avhengig av relativt skadefritt mannskap

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Misunner Norborg ei spanande juniorgruppe. Trur her er ein del spanande spelerar som vil få sjansen på a-laget i løpet av sesongen. Måten desse spelarane tacklar utfordringane på trur eg vil avgjere om Norborg rykker opp eller ikkje. Elles har Norborg eit entusiastisk publikum som i jamne kampar kan vere "triggeren" til å få det lille ekstra som krevs for å avgjere kampen.

Vi takkar Bjørn Nedreskodje for svar, og ønskjer HaNo lykke til med sesongen.


Om HaNo
Fram til 1984 hadde Haramsøy og Flemsøy kvart sitt lag. To lag som ikkje sette så djupe spor i sunnmørsfotballen, men Haramsøy var faktisk ein liten tur innom den gamle 4. divisjon i 1974. Laget kom på 9. plass og gjekk rett ned. 10 år etter kom Nordøy (Flemsøya sitt lag) sist i gamle 6. divisjon avdeling B og slo dermed selskap ilagmed Haramsøy i 7. divisjon. Om det var dette nedrykket som var den utløysande årsaken til at laga samlast til møte på Nordøy grendahus veit ikkje vi, men 23. desember 1984 såg iallfall fotballklubben Haramsøy/Nordøy dagens lys. Laget starta i 7. divisjon, men var ikkje snauare enn at dei rykte opp på første forsøk.

Trass den gode starten var det likevel ikkje før på 1990-talet at klubben verkeleg vakna til liv. Frå 1992 till 1997 vart det kjørt litt heis mellom 4. og 5. divisjon, men i 1998 tok laget steget opp på øvste sunnmørsnivå då dei vann 4. divisjon. Livet i 3. divisjon varte i 5 sesongar med høgst variable resultat. To imponerande 6. plassar, ein 10. og to 11. plass vart fasiten. Det ironiske er at den sesongen alle hadde trua på at HaNo kunne gjere det bra og utfordre Brattvåg som Harams beste lag, enda med nedrykk. Nedrykket kom først og fremst på grunn av få poeng på heimebane, samt slett innsats i haustkampane mot botnlaga Aksla og Stordal. Stordal fekk sin einaste siger mot HaNo. I fjor venta dei aller fleste at HaNo skulle gå opp igjen på første forsøk, men ein trøblete vårsesong hindra dette.

Defensivt
Divisjonens gjerrigste lag i fjor, men har mista ein av Sunnmøres beste midtstopparar, Ivar Fjørtoft, sidan då. Likevel, her er mange forsvarspelarar som held eit bra nivå. Har haldt nullen i sine to siste treningskampar.

Offensivt
Scora bra med må i fjor, men ser vi bort i frå siste treningskamp mot Ellingsøy så har ein slitt litt i årets treningskampar. Erik Åkre styrkar laget offensivt etter overgangen tilbake frå Volda og med Per Jarle Fjørtoft og Jan Egil Ulla har dei eit godt offensivt lag, men vi tvilar på nokon av desse greier å nå 20 mål. Har elles eit godt teknisk og bevegeleg mannskap som kjem seg til mange sjansar.

Stallen
Har bra størrelse på stallen og stiller også i år med 2. lag i 6. divisjon.

Vårt tips: 1. plass
HaNo kom for seint i gong i fjor og hadde litt uflaks som ikkje rykte opp. Vi trur HaNo fortsette å bygge på den gode hausten i fjor og tek 1. plassen i årets 4. divisjon. Laget har kvalitetsspelarar i kvar posisjon og unngår ein skader skal ingen av dei andre laga vere stabile nok til å hindre at KM-tittelen ikkje kjem utpå Haramsøy/Skuløy.