Vårt tips: 2. plass

Brattvåg


Plassering 2004:

Nr. 11 i 3. divisjon

Heime 2004:

3-1-8 12-27

Borte 2004:

1-2-9 12-37

Toppskårar 2004:

Martin Sundnes

Spelartilgang:

Lars Martin Vestre (Ravn)

Spelaravgang:

Ståle Hurlen (lagt opp), Ole Magnus Klokset (Ravn), Finn Alvestad (AaFK) Werner Ellingsæter bor i Bergen. Øyvind Farstad i Trondheim. Kristian Grønmyr (Kvik), Tomas Roald studerer i Bergen.

Beste serieprestasjon:

8. plass i 3. divisjon (dagens 2. div) i 1989 og 1990


Siste 5 år:

2000

3. divisjon

_3. plass

2001

3. divisjon

10. plass

2002

3. divisjon

_5. plass

2003

3. divisjon

_5. plass

2004

4. divisjon

11. plass


Treningskampar:

Blindheim/Emblem

1-4

Vigra

2-0

Vestnes Varfjell

1-3

Ellingsøy

6-2

Langevåg

5-2

Sørumsand

7-2

Søgne

3-3

FK Sykkylven

2-2

Stranda

2-0

Midsund

0-0

Vestnes V.

-


Vi stilte Brattvåg sin trenar Bjarte Steinsbu nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Brattvåg komande sesong?
Seniorgruppa i Brattvåg har hatt ein nedadgående treningskultur dei siste åra. Det er viktig for klubben å prøve å snu denne trenden. Då vil vi på sikt truleg igjen kunne spele 3. divisjonsfotall. I 2005 vil vi i kvar kamp ha som målsetting å vinne kampen. Så får vi sjå kor ofte vi når dette målet!

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?

Treningsoppmøtet er for oppadgående, og særlig i mars ser eg ingen grunn til å klage reint generelt.

3. Fornøgd med treningskampane?
Det har gått opp og ned. No i mars har vi oppnått en del brukbare resultat og en god del bra spill. I andre perioder slurver og feiler vi.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Så langt eg kan komme på, har vi ingen nyinnmeldinger (Lars Martin Vestre (Ravn) har kome til Brattvåg etter Steinsbu svarte på våre spørsmål). Med vår nye treningsmodell, trener svært mange unge spillere med A-laget. Utover desse unggutane, er det stort sett dei spelarane som også var med i fjor.

5. Avgang: Ståle Hurlen har lagt opp. Ole Magnus Klokset til Ravn. Finn Alvestad til ÅFK Werner Ellingsæter bor i Bergen. Øyvind Farstad i Trondheim. Kristian Grønmyr studerer i Trondheim og spiller på et lag der. Tomas Roald studerer i Bergen.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Divisjonen blir usannsynlig jevn og tett. De aller fleste av de 12 lagene kan nok innerst inne tenke seg et opprykk. Trykket vil bli deretter.

7. Vi tipper Brattvåg på ein 2. plass. Kva er din kommentar til dette?
Det er smigrende at dere som naboer har så god tro på oss. Om vi oppnår en slik plassering, vil vi bli godt fornøyd.

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?

Ta godt vare på den gode sportsånda. Ta vare på både medspillere, motspillere, ledere, dommere, presse og publikum. Gled dere over leken med fotballen og det som følger med denne leken.

Vi takkar Bjarte Steinsbu for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla våre, og ønsker Brattvåg lykke til med sesongen.


Om Brattvåg

Brattvåg IL såg sitt lys i 1940, og sidan starten har fotballen vore det viktigaste. Sidan opprykket til 3. divisjon Sunnmøre i 1960 har laget stort sett vore eit av dei betre i krinsen. Spesielt i perioden frå midten av 80- til midten av 90-talet leverte Brattvåg mange sterke prestasjonar. I sesongane 1985 til 1987 kom gultrøyene stadig nærmare opprykk til 3. divisjon, og i 1988 var KM-tittelen og opprykket eit faktum og Brattvåg var i samme divisjon som Hødd.
To brukbare 8. plassar følgde før ein måtte ta turen ned igjen.

I sesongane etter brukte Brattvåg litt tid på å bygge opp eit nytt lag. Rutinerte karar som Trond Austnes, Gunnar Lødøen og Henning Blindheim ga seg, medan nye kom inn. I 1995 var det store forhåpningar til opprykk, men etter ein forferdeleg start på sesongen var det få som trudde at BIL skulle rykke opp. Etter at ein gjorde seg ferdig med Molde i NM (2-4 tap framføre over 1500 tilskodarar) gjekk det berre ein veg. Laget klatra på tabellen for kvar kamp som gjekk og stod til slutt igjen som suveren vinnar. Møtet med 2. divisjon var likevel svært tøft og Brattvåg gjekk rett ned igjen og etter 8 sesongar i 3. divisjon måtte ein altså for første gong på over 30 år igjen spele i 4. divisjon.

Defensivt
Brattvåg sin svakaste lagdel. Ungt og urutinert, men med ein rutinert keeper i Espen Wold, som er flink til å styre forsvaret og til å sette i gong hurtige angrep. Mangler ein dominant stoppar. Det positive for Brattvåg er at ein har haldt nullen i dei to siste treningskampane mot 3. divisjonsmotstand. Det lover bra.

Offensivt
Scorte minst av samtlege i 3. divisjon, men no har juniorane Martin Sundnes og Lennart Holmem fått endå eit år på baken, og saman med Arnel Colic utgjer dei den mest frykta trioen i 4. divisjon. Her er det fart og teknikk i overflod, men då må Holmem bli å finne i angrepet. Rykta vil ha det til at han skal spele back.

Stallen
Har mange spelarar og stiller 2. lag i 6. divisjon, men her er vel mykje ungt. Er avhengig av at ein del gute/juniorar taklar overgangen til 4. divisjon. Har ein meget bra første 11'ar.

Vårt tips: 2. plass
Med ei av Sunnmøres mest frykta angrepsrekke skal det mykje til for at Brattvåg ikkje blir å finne heilt i toppen av 4. divisjon. Minuset er eit litt
vaklande forsvar og lite fysikk. Vil variere i prestasjonane, men får nok poeng til å sikre 2. plassen.