Poengdeling mot Ørsta


Norborg/Brattvåg2 måtte sjå Ørsta utlikne to gongar i fredagens kamp på Uggedal stadion. Anders Toven sendte Norborg i føringa før pause, medan  Magnus Austbø Seth gjorde 2-1. Begge måla vart satt inn med hovudet. Laga hadde kvar sin omgang og 2-2 var greitt i ein slapp kamp i sommervarmen.
Les meir..

 

Aktivitetsdag i Uggedalen

Norborg Trimgruppe arrangerer aktivitetsdag på Uggedal Stadion søndag 16.juni kl. 12.00-14.30

Vi ønsker velkommen til en sporty og morsom opplevelse for hele familien. Alle aktivitetene er gratis!

Programmet er som følger:

–       7 aktiviteter

–       Quiz

–       Kubbspeling

–       Badminton

–       Kiosk med sal av vafler, pølse m/brød, kaker, kaffe/te og brus.

Denne dagen er for absolutt alle, uansett sportslig nivå. Alle som deltar får premie. Håper du sett av dagen og koser deg sammen med oss 🙂

Vel møtt!

Norborg/Brattvåg2 – Ørsta på smp.no fredag kl. 1830

Norborg sin kamp mot Ørsta vil bli vist direkte på smp.no fredag frå kl. 1825.

Norborg/Brattvåg2 tek imot Ørsta på Uggedal stadion fredag kl. 1830. Begge lag har vist ei nedadgåande formkurve i det siste og må vinne denne kampen. Norborg for å halde følge i toppen, Ørsta for å henge på laga over nedrykksstreken.

Heimelaget treng å finne tilbake til taktene ein viste i bortekampen mot Emblem då ein viste feiande flott fotball. I dei to siste kampane har det berre blitt eitt poeng mot dei fysisk sterke bylaga Rollon og SIF/Hessa. Ørsta på si side har ei frykteleg form med fire strake tap. Laget er dermed i nedrykksstriden med begge bein. Det var det få som såg føre seg før sesongstart.

Norborg har stort sett hatt eit godt tak på Ørsta. Det håper vi held fram fredag kveld.

Tropp er i skrivande stund ikkje klar, men Nikolai Jensen samlar på gule kort og står over.

Dommar: Daniel Refsnes (Herd)
Assistentar: Mariell Hatlelid Naustdal (Skodje) og Steinar Hjelle (Sunnylven)

Norborg feila på siffen


SIF/Hessa – Norborg/Brattvåg2 3-1 (3-0)
Skarbøvik KGB, 06.06.2019

Sjansar: 9-7
Cornere: 2-4
Avslutninger på mål: 5-7
Avslutninger utanfor: 5-3
Blokkerte avslutninger: 2-2

1-0 Chris-Rune Pickard (4)
2-0 Chris-Rune Pickard (20)
3-0 Ole-Johan Lindgren (22)
3-1 Ådne Hellandsvik (52)

Det rutinerte og fysisk sterke heimelaget fekk kampen inn i sitt spor med eit tidleg leiarmål. Betre vart det ikkje for Norborg at det kom to kjappe i ein periode Norborg starta å skape sjansar. Med desse måla i fleisen gjekk Norborg ned i kneståande og fekk til lite inn mot pause. I starten av 2. omgang løfta Norborg seg og fekk også ei tidleg redusering, men nærmare kom ein ikkje i ein direkte svak kamp. På biletet ser vi Chris-Rune Pickard heade SIF i føringa.
Les meir..